Bål

19.06.2020

No kan kommunane forby å gjere opp eld utandørs

Ei føreskriftsendring gjev no kommunane moglegheit til å legge ned lokale forbod mot å gjere opp eld når som helst i løpet av året og alle stader utandørs.

For at kommunane skal kunne legge ned eit slikt lokalt forbod, må det vere stor brannfare eller andre ekstraordinære forhold i eigen kommune.

Den nye ordlyden i forskrift om brannforebygging § 3 finn du på lovdata.no. DSB lagar no ei rettleiing til endringane i forskrifta, som vil verte publisert på dsb.no.

I eller i nærleiken av skog og anna utmark er det framleis forbode å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstandar i tidsrommet 15. april til 15. september, dersom ikkje kommunen har gjeve tillating eller det openbart ikkje kan oppstå brann.