Gassbeholder

18.06.2020

Gassvettreglane

Følg brannvesenets gassvettreglar for trygg bruk av gass.

  • Plasser aldri gassbehaldarar i kjellaren eller i andre rom under bakken
  • Pass på at gassbehaldaren står oppreist og ikkje vert utsett for sterk varme eller sterk sol
  • Ver på vakt mot lekkasjar. Open eld, røyking eller ein elektrisk gnist kan tenne på gassen slik at den eksploderer.
  • Sjekk slangar og koplingar for lekkasjar jamleg. Dette gjer du ved å pensle på konsentrert såpevatn. Når du opnar for gassen vil det vere såpebobler der lekkasjen er.
  • Bruk berre slangar som er meint å bruke til gass. Skift sprukne eller øydelagde slangar med ein gong. Det er ikkje lov å bruke slangar som er lengre enn 1,5 meter. Bruk slangeklemmer for å feste slangen.
  • Hald alltid ei tent fyrstikk klar når du opnar for gassen. Steng for gassen når du ikkje skal bruke den. Ta også av regulatoren dersom det er lenge til du skal bruke gass igjen.
  • Dersom det byrjar å brenne i nærleiken av gassbehaldaren, steng for gassen ved å vippe over knappen på toppen av regulatoren. Dersom det er forsvarleg bør du også flytte behaldaren vekk frå brannen.
  • Pass på at gassapparatet og behaldaren er i god stand. Ikkje prøv å reparere skadar på gassbehaldaren sjølv. Overlat til propanforhandlaren å gjere kontroll og vedlikehald av gassapparatet og gassanlegget.
  • Les bruksrettleiinga nøye før du tek gassapparatet og gassanlegget i bruk. Spør forhandlaren dersom du er i tvil.