Grilling

18.06.2020

Tips for trygg bruk av grill

Strålande sommarvêr får det til å rykke i grillfoten hos mange. Enten du svergar til pølser, kotelettar eller grillspyd – utfør grillinga på ein branntrygg måte! Følg brannvesenets heitaste tips for trygg bruk av grill.

Eingongsgrill/kolgrill

  • Grillen skal stå trygt og stødig med god avstand til brennbart materiale, også frå undersida
  • Ikkje bruk meir tennvæske enn naudsynt, og aldri på varm grill
  • Ver varsam ved opptenning av grillen
  • Ha alltid ei bøtte vatn eller ein hageslange nær grillen. Ved bruk av eingongsgrill, ta med ei stor flaske vatn.
  • Pass på at grillen er sløkt, og at oska er kald før du kastar den på ein sikker stad. Eingongsgrill bør sløkkjast med vatn etter bruk.

Gassgrill

  • Før du opnar for gassen på behaldaren, pass på at alle blussar er stengde
  • Tenn alltid grillen rett etter at gasstilførselen er opna
  • Når du er ferdig å grille, sjekk at både gassblussane og flaskeventilen er stengd
  • Sjekk slangar jamnleg for sprekkar og lekkasjar
  • Kjenner du gasslukt og mistenkjer lekkasje, steng straks av gassen på gassflaska og flytt flaska til ein sikker stad

Felles for all grilling

  • All grilling skal skje utandørs
  • Barn og kjæledyr skal aldri vere åleine eller leike nær ein tent grill
  • Hald grillen under oppsyn så lenge den er varm
  • For mykje alkohol og grilling høyrer ikkje saman
  • Ha førstehjelpsutstyr for behandling av brannskader tilgjengeleg