15.04.2020

No startar bålforbodet

Frå 15. april til 15. september er faren for gras- og skogbrann normalt større enn elles i året. Det er i denne perioden ikkje lov å gjere opp bål ute i naturen.

Forbodet inkluderar bålbrenning, grilling, samt bruk av primus og andre kokeapparat. Du kan framleis grille og brenne hageavfall i din eigen hage. Det er lov å gjere opp eld der det openbart ikkje kan føre til brann, det vil seie at det til dømes ligg snø på bakken eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. Er du i tvil om det er trygt å gjere opp eld er det betre å droppe det. All bålbrenning skjer på eige ansvar.

Eingongsgrill og bålpanner
Vær svært varsam med bruk av eingongsgrill. Slike er ofte årsak til brann i skog og mark. Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Eingongsgrillen må sløkkast skikkeleg med vatn og kastast i ein egen metallbehaldar etter bruk.

Ved bruk av bålpanner gjeld dei same reglane som ved brenning av hageavfall, der ein berre skal brenne tørr og rein ved, eller bruke grillkol.

Brenning av hageavfall
Det er lov å brenne hageavfall, men berre små mengder, som kvister, gras, gammalt lauv og planterestar. Det er ikkje lov å brenne boss i noko form, heller ikkje bygningsrestar, materialar eller treverke som er behandla med maling, lakk, impregnering eller liknande.

Vis omsyn til naboar og miljø. Røyken frå eit bål med hageavfall er ikkje ufarleg, særleg dersom bålet er vått. Røyk er irriterande på slimhinner, auger og luftvegar, og er til særleg plage for personar med astma og andre luftvegsproblem.

Lag kompost eller lever til gjenvinning
Ved brenning av hageavfall går verdfullt materiale tapt. Planteavfall kunne heller blitt til kompost og gjort nytte som gjødsel og jord. Ein enkel hagekompost er lett å lage. Legg alt avfallet i ein haug. Du kan også lage ein karm rundt for å halde haugen på plass.

Hageavfall kan leverast inn på din lokale gjenvinningsstasjon.

Flatebrenning
Flatebrenning eller brenning av hogstavfall, samt gras- og lyngsviing må meldast til brannvesenet. Det skal vere ein ansvarleg leiar for brenninga, det må utarbeidast planar og sørgjast for at brenninga blir gjennomført på ein forsvarleg måte. Denne typen brenning er lov også i tidsrommet 15. april-15. september.

BÅLVETTREGLANE

All brenning skal utførast på ein forsvarleg og varsam måte. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. Følg desse bålvettreglane:

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale
  • Bålet må haldast under oppsyn og kontroll
  • Sørg for at born held god avstand til bålet og at dei ikkje er kledd i lettantennelege klede
  • Bålet må sløkkjast forsvarleg med rikeleg vatn. Finns det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • Hugs at all bålbrenning skjer på eige ansvar