14.10.2020

Oss i regionen: Christer Skei

Som vaktkommandør i 110-sentalen er Christer vand med å møte på folk i sårbare livssituasjonar. Sjølv om det ofte er tragiske og krevjande meldingar som kjem inn, består jobbkvardagen også av ein del artige telefonsamtalar. Og når det kokar i sentralen og alt skjer på ein gong, er Christer i sitt ess.

Kva bakgrunn har du?
Eg er utdanna tømrar, og så eg er også utdanna brannkonstabel og utrykningsleiar. Eg har erfaring frå brann og redning på flyplass og begynte å jobbe i Avinor på Flesland i 2007. Der jobba eg fram til 2012. Etter det var eg brannkonstabel i det som då heitte Lindås og Meland brannvern, i dag Nordhordland brann og redning. Der jobbar eg framleis deltid som utrykningsleiar. I 110-sentralen har eg jobba i fem år no.

Kva er det beste med jobben din?
Det beste med jobben min er dei varierte arbeidsdagane. Det å komme på jobb og ikkje eigentleg vite kva som møter deg. Det kan vere alt frå heilt rolege dagar til at det kokar. Plutseleg snur det, og det synast eg er veldig spennande. Eg likar når det kokar, jo meir som skjer, dess betre er det. Det avhenger sjølvsagt av at situasjonen er handterbar, at vi ikkje har så mykje å gjere at vi ikkje klarar å takle det. Men når det ligg akkurat på den grensa der du føler at du kanskje kan begynne å miste kontrollen, då er eg i mitt ess.

Kva tankar gjer du deg om Vest brann- og redningsregion?
Eg trur samarbeidet har eit stort potensiale, men at det tek litt tid for folk å vere med på endringar. Endring tek tid, og i utgangspunktet var eg litt skeptisk, men eg må ærleg seie at det synspunktet har endra seg undervegs, til det positive. Eg sit i fagutvalet for nødmeldingstenesta, og det prosjektet vi jobbar med no synast eg er veldig spennande, dette som går på regional innsatsleiarstøtte. Det vil seie at vi har utpeikte funksjonar, vakthavande brannsjefar rundt om i regionen som får eit litt større ansvar og som har utvida kompetanse til å støtte opp dei som går som innsatsleiar i dei forskjellige kommunane i Vest brann- og redningsregion. Dei skal gje fagleg bistand, ei hjelpande hand og bistå i større hendingar, som gjerne varer over tid. Vi jobbar også med å få i stand ein innsatsleiarstøttebil, som skal vere ein forlenga arm og ein samarbeidspartner for 110-sentralen. Bilen vil blant ha ein del utsyr som gjer at ein kan arbeide i KO på innsatsleiarnivå ute på skadestad.

«Oss i regionen» er ein portrettserie som skal vise fram dei flotte folka som jobbar i dei ulike brannvesena i Vest brann- og redningsregion.

Namn: Christer Skei
Stilling: Vaktkommandør 110 Hordaland
Alder: 39

Har du eit jobbminne du hugsar ekstra godt?
I 2017 var det ei trafikkulykke på E16. Den hugsar eg veldig godt. Grunnen til at eg hugsar det så godt er at det var ei veldig dramatisk melding som kom inn. Det blei meldt om buss mot vogntog og det heile var veldig kaotisk. Då vart det trykt på den store knappen og mykje ressursar vart sendt ut. I starten visste vi ikkje om bussen var full av passasjerar. Det er jo eit skrekkscenario. Og på det tidspunktet også, klokka var vel rundt 15.00 og det kunne jo vore mykje folk på bussen. I starten fekk vi få opplysningar, men det vart sagt at det var fleire skadde og at bussen var knust. Eg såg føre meg at dette kunne vere ei ulykke på lik linje med Måbødal-ulykka.  Eg hugsar spesielt godt at innringaren blei spurt om ho kunne gå bort til bussen og sjå om nokon var skadd, og like etterpå seier ho «Ja, no er eg her, og sjåføren er død». Då visste eg at dette var veldig alvorleg. Det gjer jo noko med oss når vi høyrer om trafikkuhell på E16, for vi er jo kjent med at den vegen er ei belasta strekning. Så dette minnet sit ekstra godt igjen.

Ein annan gong ringte det ein person som var psykisk nedbroten og ikkje ønskte å leve lenger. Han var heilt fortvila og nekta å snakke med helse eller politi, han ville kun prate med meg. Og kva gjer ein då. Eg hadde ingen utdanning eller erfaring med slike situasjonar. Men av og til handlar det berre om å vere eit medmenneske og lytte. Vi vart til slutt einige om at personen skulle gå heim. Det var ei veldig spesiell oppleving som eg heller ikkje gløymer.

Vi møter jo folk i veldig sårbare augneblink i livet, og det gjer noko med oss. Sjølv om vi kollegaer kan snakke om det i etterkant, så er det nokon ting ein tenkjer litt ekstra på. Ein lærer jo at dette er jobben din og når du går heim frå jobb, så legg du det frå deg. Men enkelte hendingar sit meir i kroppen enn andre.

Men eg har jo ikkje berre tragiske minner heller. Vi kjem jo opp i litt artige situasjonar og samtalar også. Ein gong ringte det inn ein fyr til nødtelefonen, som kanskje var ein smule stressa. Eg svarte, som alltid: «Brannvesenets nødtelefon» og responsen hans var: «Ro deg kraftig ned! Det er ingen grunn til panikk!!».

Buss og vogntog kolliderte på E16

Den 16. oktober 2017 kolliderer ein buss med eit vogntog ved Nakkagjeldstunnelen på E16 i Voss kommune. Ekspressbussen skal frå Sogndal til Bergen. Føraren av bussen mistar livet og fem vert lettare skadd etter kollisjonen. Ytterlegare 12 personar er involvert i ulykka, men kjem frå det utan skader. I rapporten til Statens havarikommisjon for transport kjem det seinare fram at eit illebefinnande hos sjåføren mest sannsynleg var den utløysande årsaka.

*Måbødal-ulykka skjedde 15. august 1988 på riksveg 7 i Måbødalen i Eidfjord. Ein buss med skuleborn og foreldre frå Sverige var på klassetur. Dei skulle til Bergen for deretter å ta båt til Shetland. 12 born og fire vaksne omkom. Årsaka til ulykka var at bussen sine bremser svikta i nedoverbakke.

Om 110 Hordaland

110 Hordaland har ansvar for å ta imot nødtelefonar og utalarmere mannskap, brannbilar og andre ressursar i 22 kommunar i Vestland fylke. 110-sentralen gjev også fagleg bistand og leiarstøtte til innsatsleiarar i regionen ved behov.

Bemanninga i 110-sentralen er fem vaktkommandørar og ti alarmsentraloperatørar fordelt på fem vaktlag, som går i tolv timars turnusordning. Drifta av avdelinga er støtta av ein heilkontinuerleg teknisk bakvakt. Sentralen ligg i hovudbrannstasjonen i Bergen.