27.10.2020

Øvingscontainer klar i januar

Vest brann- og redningsregion har etter anbodskonkurranse bestilt ein mobil øvingscontainer. Containeren leverast av Egenes brannteknikk AS og skal vere klar i januar 2021.

Containeren skal innehalde ein rekke ulike øvingsmoment som dørforsering, arbeid på tak, CBRNE og øvingar for røykdykking og brannsløkking. Det vert to ulike flammebrannmodular for kjøkkenbrann og trappebrann, varmeelement i dør med moglegheit for bruk av IR-kamera og røyrsystem for fordeling av kald kunstig røyk. Delar av taket på containeren kan skråstillast og deler av rekkverket fungerer også til rappellering og nedfiring.

Bjørn Dolve frå Voss, Gitle Smaadal frå Bjørnafjorden og Terje Madsen frå Bergen jobbar no med å utarbeide øvingar og rutinar for containeren. Det leggast opp til ein superbrukar, som vil ha ansvaret for containeren når den vert lånt. Containeren er kjærkommen og vil løfte kompetansen til alle brannvesena i regionen.