03.11.2020

Oss i regionen: Greta Eide

På vidaregåande ville Greta eigentleg verte tømrar. Men det endra seg då det dukka opp ei ledig stilling i Askøy brann og redning. I dag er ho feiarsvenn og noko av det ho likar aller best med jobben sin er å møte på innbyggjarane og drive førebyggjande arbeid.

Kva bakgrunn har du?
Eg gjekk vg1 og vg2 på byggfag, og ville eigentleg verte tømrar. Men så kom finanskrisa og då var det ikkje så enkelt. Så då vart det til at eg måtte tenkje i litt andre baner. Eg fullførte studiekompetanse og etter det jobba eg litt og prøvde meg litt på skule. Men så kom det utlysing etter feiarlærlingar i Askøy brann og redning, og då vart det sånn. Dette var tilbake i 2011, og sidan det har eg jobba her. No har eg også tatt førebyggjande kurset, så målet mitt er å gå over til paragraf 13.

Kva er det beste med jobben din?
Kollegaene og det sosiale. Vi har eit veldig godt miljø her på Askøy og har det kjekt på jobb. Eg er jo den einaste dama her, men eg trivst veldig godt saman med kollegaene mine. Ein annan ting eg likar godt med jobben min er at eg får prata med innbyggjarane. Eg utfører bustadtilsyn og feiing, og får moglegheita til å informere om brannførebygging. Eg held også kurs for barnehagar, skuler og bedrifter, noko som er veldig givande. I jobben møter ein alltid på nye menneske og det å vere med på å førebyggje synast eg er veldig kjekt.

«Oss i regionen» er ein portrettserie som skal vise fram dei flotte folka som jobbar i dei ulike brannvesena i Vest brann- og redningsregion.

Namn: Greta Eide
Stilling: Feiarsvenn i Askøy brann og redning
Alder: 30

Kva tankar gjer du deg om Vest brann- og redningsregion?
Eg synast det er bra. No har eg ikkje sett meg så mykje inn i det, men eg meiner det er bra at vi får meir kunnskap frå kvarandre og at alle kan vere med å bidra. Ikkje minst det at vi får treffe folk frå andre brannvesen. Vi jobbar jo med dei same tinga, men gjer kanskje ting på litt ulike måtar. Vi har jo alle det same målet, å førebyggje og redusere brann. Det er fint at vi kan lære av kvarandre. Eg har vore med på ei førebyggjande fagsamling i Bergen, så slike håpar eg det vert meir av framover. På den måten blir vi betre kjent og kan spørje om ting og dele erfaringar. Det er lærerikt.

Har du eit jobbminne du hugsar ekstra godt?
Når eg starta som lærling hadde eg to instruktørar. Ein dag skulle vi alle tre ut på feiing og planen var at eg skulle gjere jobben. Men når vi kom fram og ei veldig pen dame kom ut av huset på den adressa vi skulle på, tok han eine instruktøren min over. Då skulle han imponere og vise seg litt fram. Vi to andre vart sittande i bilen og sjå på, og når kollegaen min skal opp i stigen, går han på trynet over eit gjerde med alt utstyret. Der satt vi i bilen og holdt på å le oss i hjel. Så det er eit artig minne som eg hugsar godt. Den historia er fin.

Eg har også eit anna minne frå då eg var lærling. Tidlegare var vi ikkje kasernert her på Askøy, så når kollegane mine hadde vakt og det gjekk alarmar på dagtid, så måtte dei stille, og eg måtte ofte vere med. Då hendte det at eg fekk vere med på litt ulykker og andre hendingar. Eg hugsar spesielt godt ei bilulykke vi var ute på. Når vi kom fram var mannskapsbilen der, og dei hadde allereie starta jobben med å få opp ein person som hadde ramla utfor ei skråning og treft eit tre. Den hendinga kjenner eg at eg hugsar veldig godt. Eg vart jo heldt litt tilbake, og beredskapssjefen gav beskjed om at eg følte at det var ubehageleg så måtte eg berre trekkje meg unna. Men då fekk eg sjå alt. At dei fekk opp personen og kor godt samarbeidet var på staden, mellom mannskapa og dei andre som var der. Personen overlevde dessverre ikkje ulykka. Eg var 21 år på dette tidspunktet og hadde ikkje vore lærling så lenge, så eg hadde jo ikkje vore med på så veldig mykje. Men akkurat den sit godt igjen. Heile opplevinga.

Askøy brann og redning

Askøy kommune har like under 30 000 innbyggjarar. Brannstasjonen er plassert på Haugland, sentralt på øya. Brannvesenet vert leia av brannsjef i 100% stilling, samt to avdelingsleiarar i 100% stilling i beredskap og på førebyggjande avdeling.

Beredskapsavdelinga er organisert med 4 heiltidskasenerte vaktlag à 4 personar, samt tankbilsjåfør og innsatsleiar på heimevakt.

I tillegg til basisoppgåvene er beredskapsavdelinga oppsett med tauredning og first responder tenester. Askøy fekk på seinsommaren i år ein ny fleirbruksbåt som hovudsakleg disponerast av beredskapsavdelinga og seksjon for bustadtilsyn og feiing.

Førebyggjande avdeling består per i dag av 7,25 årsverk fordelt på seksjon for § 13 tilsyn og opplæring, seksjon for bustadtilsyn og feiing, samt leiar førebyggjande. Askøy brann og redning tilstrebar å alltid ha feiarlærling under opplæring.