17.11.2020

Oss i regionen: Tore Nesbø

Tore har vore brannsjef i Fitjar brann og redning i 25 år. Han trivst godt i jobben og når det kjem midlar til å styrke beredskapen i kommunen er det ekstra kjekt å vere sjef. Som til dømes når ein får ein splitter ny brannstasjon som skal stå ferdig neste år.

Kva bakgrunn har du?
Eg jobba som tømrar i ei familiebedrift i 10 år før eg tok utdanning via teknisk fagskule i byggteknikk. Etter det starta eg som brannmeister i Fitjar og sidan det har eg vore her. Etter tre-fire år som brannmeister vart eg tilsett som brannsjef, og har tatt naudsynte kurs frå brannskulen, og vidareutdanning innan beredskapsleiing og brannteknologi ved Høgskulen på Vestlandet. Brannyrket fekk eg vel eigentleg smaken på då eg var i militæret på brannhavari-avdeling på ein flyplass. Det var første gong eg var borti brann og redning, og det gav meirsmak. No har eg vore brannsjef i 25 år.

Kva er det beste med jobben?
Det aller beste med jobben min er når ein ser at ting fungerer godt, og at eg har engasjerte og dyktige folk rundt meg. Så er det veldig kjekt når vi får midlar til å kjøpe inn det utstyret vi har behov for. Eit godt døme på det er brannbiltanken vår, som er ein Scania 2018 modell med 10.000 liter vasstank og 300 liter skum som blant anna er utstyrt med fjernstyrt vasskanon. Den bilen har stor betydning for beredskapen i kommunen, då det er krinsar her som ikkje har kommunal vassforsyning med brannutak, eller ikkje tilfredsstillande vasstrykk med tanke på sløkkjevatn.

Politikarane her har også vedteke bygging av ny sentrumsnær brannstasjon, som vil bety mykje for oss. Den skal ferdigstillast i september 2021 og det gler vi oss veldig til.

«Oss i regionen» er ein portrettserie som skal vise fram dei flotte folka som jobbar i dei ulike brannvesena i Vest brann- og redningsregion.

Namn: Tore Nesbø
Stilling: Brannsjef i Fitjar brann og redning
Alder: 58

Kva tankar gjer du deg om Vest brann- og redningsregion?
Vest brann- og redningsregion er skikkeleg interessant. Ein høyrer jo om IKS som ikkje fungerer av ulike grunnar, og eksempel der slike type samanslåingar har ført med seg mykje styr. Så den måten som ein har vald å samarbeide på her i regionen synast eg er spennande. Eg trur absolutt at dette er vegen å gå når det gjeld samarbeid. For Fitjar brann og redning sin del vil dette først og fremst bidra til kompetanseheving. Det er nok den delen eg synast er mest interessant.

Har du eit jobbminne du hugsar ekstra godt?
Ein hugsar jo godt helseoppdrag, og når vi er ute på hjarte- og lungeredning. Kollegaene mine er veldig engasjerte i det. Når ein ser at ein faktisk kan gjere ein forskjell, og vere ein av den kjeda som reddar liv. Det er noko ein hugsar ekstra godt. Ein hugsar jo ofte dei trafikkulykkene eller brannane der folk har mista livet. Men vi har jo også andre hendingar som ein kanskje tenkjer tilbake på i etterkant som litt morosame. Vi hadde for eksempel ei utrykking til ei trafikkulykke der ein ung førar hadde store smerter i ryggen, men det einaste han var oppteken av var at vi ikkje måtte klippe i sund bilen hans.

Illustrasjon av den nye brannstasjonen til Fitjar brann og redning. Teikna av ABO plan & arkitektur.

Fitjar brann og redning

Fitjar brann og redning har totalt 15 deltidsmannskap, der fem har kompetanse som utrykkingsleiar, ni mannskap er godkjent som røykdykkarar og ti har førarkort klasse C og godkjent utrykkingskode.

Utrykningsleiar har dreiande vakt, og mannskap har i tillegg vakt i helgane. Det vert sett opp vaktlag i fellesferie, og ved høgtider som jul, nyttår og påske. Ved alarmering vert alle disponible mannskap kalla ut. ABA, helseoppdrag og trafikkulykker utgjer størsteparten av utrykkingane.

Dagens brannstasjon er lokalisert i Årskog, men etter tilsyn frå arbeidstilsynet er kommunen pålagt å utbetre forholda på stasjonen. Då dette er såpass omfattande har kommunestyret vald å byggje ny stasjon. Den nye stasjonen er detaljprosjektert, og kommunestyret har avsett 10.5 millionar kroner.

Fitjar brann og redning disponerer:
U-1-1 MB Atego 1328 AF 2800l årsmodell 2005, U-0-3 MB GLK 250 årsmodell 2014, U-1-7 MB Sprinter årsmodell 1997, U-1-4 Scania P450 m/mannskapskabin 10.000l årsmodell 2018, U-1-BÅT Arronet 23.5 fot, 36 knop. Årsmodell 2016. Fitjar har også ein skogbranntilhengar saman med Stord.