28.09.2020

Oss i regionen: Frode Sagvaag

Frode Sagvaag starta karriera si i brannvesenet i 1992 som feiarlæring og har jobba både i brannvesenet på Stord og i Haugesund. No er han leiar beredskap i Bømlo og synast det aller beste med jobben er dei fantastiske mannskapa han arbeidar saman med.

Kva bakgrunn har du?
Eg begynte som feiarlærling i Stord brann og redning i 1992, og 1997 gjekk eg over til det som var meir relatert mot brann. I 2004 starta eg i Haugesund brannvesen som røykdykkar og redningsdykkar, og der jobba eg fram til desember 2018 før eg begynte i Bømlo brann og redning.

Kva er det beste med jobben din?
Det beste med jobben min er eigentleg dei mannskapa som vi har her i Bømlo. Dei er vanvitig engasjerte og dei får meg til å både vere skjerpa og gjere ein endå betre jobb. Dei pushar heile tida, og det er veldig kjekt. Det er mykje kjekkare å sitje i ein leiarposisjon når dei eg jobbar med er så engasjerte som dei er.

«Oss i regionen» er ein portrettserie som skal vise fram dei flotte folka som jobbar i dei ulike brannvesena i Vest brann- og redningsregion.

Namn: Frode Sagvaag
Stilling: Leiar beredskap i Bømlo brann og redning
Alder: 44

Kva tankar gjer du deg om Vest brann- og redningsregion?
Eg begynte å høyre om dette når eg jobba i Haugesund, og eg må nok vere så ærleg å seie at eg var nok litt redd for at Bergen skulle kome og sluke heile Vestlandet. Men eg har jo forstått det no etter kvart at det er jo ikkje sånn det fungerer. Så no er eg veldig positivt innstilt. Eg ser jo sjølvsagt litt utfordrande på det med avstandar, at vi er langt unna kvarandre. Men når det gjeld kva program vi skal bruke og korleis vi skal gjere ting, så er eg veldig positiv til at vi slepp å sitte her på Bømlo og finne ut av alt på eigenhand. Så i dag ser eg lyst på samarbeidet. Eg er veldig positiv til at vi skal få ein øvingscontainer og anna felles utstyr.

Har du eit jobbminne du hugsar ekstra godt?
Då tenker eg at eg må ta eit «minne» her frå Bømlo. Det eg tenker spesielt på er mannskapa her og det med helseoppdrag. Når det er få ambulansar og dei gjerne er langt unna, så blir vi på ein måte ambulansearbeidar og. Eg vert like fascinert kvar gong vi har slike utrykkingar til helseoppdrag, for eksempel hjartestans, over kor flinke mannskapa er. Dei er sjukt flinke faktisk. Dette har eg tenkt på fleire gonger, så det må nok vere mitt mest positive jobbminne.

Bømlo brann og redning

Bømlo brann og redning har 44 tilsette fordelt på fire stasjonar: Bremnes, Moster, Langevåg og Espevær brannstasjon. Hovudbrannstasjonen som ligg på Bremnes har fem dagtilsette (brannsjef, leiar beredskap, leiar førebyggjande og to feiarar). Bømlo brann og redning har til saman 46 deltidsmannskap. Det er fire innsatsleiarar i rullerande vaktordning og brannkonstablane er fordelt på fem vaktlag. Alle mannskap i Bømlo brann og redning er utdanna akutthjelparar.

Bremnes stasjon har innsatsleiarbil, pickup, mannskapsbil, tankbil (9000L), redningsbil, brann/redningsbåt på 8 meter, to feiarbilar og slepepumpe.

Moster stasjon har brannbil og slepepumpe. Ni mannskap utan vaktordning.

Langevåg stasjon har brannbil og slepepumpe. Ti mannskap utan vaktordning.

Espevær stasjon har ATV, pickup, slepepumpe og hengar med brannutstyr. Åtte mannskap utan vaktordning.