25.09.2020

Vi vil ha fleire kvinnelege brannkonstablar

Mange av brannvesena i regionen har behov for fleire brannkonstablar og ynskjer at også kvinner skal velje dette yrket.

Visste du at berre fire prosent av norske brannkonstablar er kvinner? Dette er altfor lite. Vi ynskjer oss fleire kvinnelege brannkonstablar i regionen vår og håpar at fleire damer der ute vil få auga opp for dette yrket. Møt ein av våre brannkonstablar, Katrine Gripsgård Hansen i denne filmen.

Har du spørsmål om brannkonstabelyrket eller lurer på om det er noko for deg? Ta kontakt med ditt lokale brannvesen. På Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap sine nettsider kan du lese meir om korleis bli brannkonstabel.