25.09.2020

Rekrutteringsfilm kvinnelege brannkonstablar

Brannkonstabel-yrket har tradisjonelt vore mannsdominert. Det er ofte svært langt mellom damene og framleis er kun fire prosent av norske brannkonstablar kvinner. Det vil vi gjere noko med.

I vekene framover har vi lyst til å setje ekstra fokus på rekruttering av kvinner til brannyrket. I den forbindelse er det laga ein film til sosiale medier med brannkonstabel Katrine Gripsgård Hansen i hovudrolla. Målet med filmen er å vise fram at brannyrket også er for kvinner og samtidig kanskje bryte ned nokre fordommar.

I denne mappa kan filmen lastast ned. Filmen er meint å brukast på Facebook og det ligg to versjonar av den her, teksta på både nynorsk og bokmål. I mappa ligg det også eit dokument som inneheld forslag til formuleringar ein kan bruke saman med filmen. Her ligg det forslag som både passar for brannvesen som er i ein rekrutteringsprosess, men også for dei brannvesena som ikkje lyser ut stillingar på noverande tidspunkt.

Vi håpar at mange brannvesen vil vere med å dele filmen og spreie bodskapen om at brannyrket er eit like godt yrkesval for kvinner som for menn.

PS: Filmen ligg også på Vest brann- og redningsregion sin nyoppretta YouTube-kanal. Men for å få mest mogleg engasjement og synlegheit på Facebook, er det lurt å legge filmen direkte ut der i staden for å lenke til YouTube-filmen.