14.09.2020

Oss i regionen: Jan Ove Anthun

Etter å ha jobba i Stord brann og redning i 25 år sit brannsjef Jan Ove Anthun på mange gode historier og minner. Men dei to flyulykkene på Stord, der til saman 13 personar mista livet, er hendingane som har sete mest spor.

Kva bakgrunn har du?
Ja, det er no mykje rart. Eg er utdanna branningeniør frå Høgskulen på Vestlandet og har tatt «beredskapsleiing» i Haugesund som etterutdanning. Utanom det har eg tømrarbakgrunn, snikkarerfaring og teknisk fagskule. Eg begynte å jobbe i Stord brann og redning i 1995, så det er jo faktisk 25 år sidan. Då begynte eg som leiar førebyggjande og for to år sidan overtok eg som brannsjef.

Kva er det beste med jobben din?
Det beste med jobben min er at den er variert. Alt frå barnehagebesøk den eine dagen til budsjett den neste. Det er veldig spennande og ikkje minst utfordrande. Eg vert utfordra på mykje og på mange ulike felt. Det at jobben også betyr noko og er viktig for samfunnet set eg pris på. At kommunen skal vere ein trygg stad å bu – det er min motivasjon.

Kva tankar gjer du deg om Vest brann- og redningsregion?
Eg har alltid vore ein tilhengjar av samarbeid i regionen og synast det er eit kjempetiltak. Det at kommunen har sitt eige brannvesen er framleis viktig, slik at innbyggjarane har det kontaktpunktet. Men eg har stor tru på samarbeid. Vi vert aldri store nok, og av og til treng vi bistand og hjelp frå andre. No er det satt i eit system og eg har veldig tru på framtida til Vest brann- og redningsregion. Vi på Stord ynskjer å vere ein bidragsytar inn i samarbeidet.

«Oss i regionen» er ein portrettserie som skal vise fram dei flotte folka som jobbar i dei ulike brannvesena i Vest brann- og redningsregion.

Namn: Jan Ove Anthun
Stilling: Brannsjef i Stord brann og redning
Alder: 52

Gode kollegaer: Jan Ove Anthun saman med Ragnhild Vad (leiar førebyggjande) og Frode Lillerud (leiar beredskap).

Har du eit jobbminne du hugsar ekstra godt?
Åh, det er mange det. Det er alt i frå born som strålar når dei har fått hjelp til å få katten ned frå eit tre, til dei meir krevjande og tøffe hendingane. Eg var med på begge flyulykkene vi har hatt her på Stord, og var ein av dei som var først framme på ulykkesstaden. Dei minna sit framleis godt igjen, sjølv om det er mange år sidan no. Dei to hendingane har sete spor hos mange av oss, både positivt og negativt. Det var krevjande innsatsar og enormt med ressursar. Du trur ikkje at det finst så mykje ressursar når du trykker på den store knappen. Det var litt surrealistisk eigentleg, litt som i ein film. Spesielt den siste flyulykka. Ein må jo lære å handtere det, og eg trur dei fleste har handtert det ganske bra, med mykje oppfølging i ettertid. Dei to ulykkene må nok vere dei sterkaste minna eg har.

Flyulykkene på Stord

I 1998 omkom ni danskar då eit småfly styrta under innflyginga til flyplassen på Stord. Flyet tok fyr 200 meter frå rullebana på Sørstokken Lufthamn, og piloten og dei åtte passasjerane brann inne i flyet. Dei åtte var innleigde arbeidarar ved Aker Stord.

Åtte år seinare skjedde det igjen. Eit fly med 16 passasjerar om bord køyrde av rullebana etter landing og tok fyr. Flyet var på veg frå Stavanger til Molde med mellomlanding på Stord. Om bord i flyet var det 12 passasjerar og ein besetning på fire. Fire omkom i ulykka, og alle vart funnen inne i flyvraket.

Stord brann og redning

Stord brann og redning har både brannsjef og leiar beredskap i hundre prosent stillingar. Hovudstasjonen på Leirvik består av fire vaktlag med seks personar og er utstyrt med mannskapsbil, tankbil, høgdeberedskap/snorkel, 26 fot brann/hamnebåt, lettbåt, ATV, skogbrannhengar, droneteneste og akutthjelparfunksjon. Eit vaktlag består av innsatsleiar, utrykkingsleiar, tre sjåførar og tre røykdykkarar.

På Sagvåg finn ein bistasjonen som har fire vaktlag med to personar på kvart lag. Bistasjonen er utstyrt med mannskapsbil, lettbåt og akutthjelparfunksjon. Stord brann og redning har også eit depot på Huglo beståande av fem personar, som har tilhengjar med utstyr.

På førebyggjande avdeling har Stord leiar førebyggande i hundre prosent stilling og branninspektør i femti prosent stilling. Feie- og tilsynstenesta ligg under førebyggande avdeling, og består av ein feiarmeister, 2,5 stilling som feiarsvenn og ein lærling i feiarfaget.