15.09.2020

Øvingshest til regionen

Vest brann- og redningsregion sin splitter nye øvingshest i plast skal hjelpe brannmannskapa i regionen til å øve på redning av store dyr.

Hesten skal til dagleg bu hos brannvesenet på Askøy og det vert no jobba med å bestille ein tilhengar som skal brukast til å frakte han rundt i regionen, slik at brannkonstablar i dei ulike brannvesena kan øve på dyreredning.

Namnet
I anledning det nye tilskotet i Vest brann- og redningsregion familien vart det i april lyst ut ein namnekonkurranse internt. Her kom det inn fleire gode forslag, men forslaget som vart nemnd flest gonger var «Normann». Normann er altså namnet på den nye hesten. Hesten er oppkalla etter den siste hesten som tenestegjorde i brannvesenet i Bergen.

Normann kom til Bergen brannvesen i 1930 då han var fire år gammal. Som 10-åring vart han seld til Neevengården sjukehus. Då var han ein relativt ung hest, som framleis, dersom helsa hadde heldt, ville hatt mange gode år igjen i brannvesenet. Normann var brannkorpset sin aller siste hest i teneste, og då Normann og korpset ved Sandviken stasjon blei fotografert i mai 1936 viste dei han honnør då dei tok farvel.

Normann sitt første oppdrag
Grunnkurs brannkonstabel, som i desse dagar har undervisning på hovudbrannstasjonen i Bergen, var dei første som fekk prøve ut den nye øvingshesten. Når tilhengar er på plass og alle rutinar er klare, er Stord brann og redning dei neste til å ta imot Normann. Deretter kan brannvesena som ynskjer det setje seg på liste.

Normann var den siste hesten som tenestegjorde for Bergen brannvesen. Her er han avbilda i Sandviken saman med korpset i 1936 då dei tok farvel.