03.04.2020
Påsketips til innbyggjarane
I påska pleier vi å oppfordre innbyggjarane til å sjekke branntryggleiken på hytta. Sidan denne påska vert litt annleis for mange, oppfordrar vi dei til å sjekke branntryggleiken heime i staden for.
Vi går ei annleis påske i møte, der mange må halde seg heime og innandørs. Då kan det vere fint å oppfordre til inneaktivitetar, som for eksempel å sjekke branntryggleiken. Dei fleste gjennomfører brannøvingar regelmessig på arbeid eller på skulen, men gløymer kanskje å gjere det heime. Å ha brannøving saman med borna kan vere ein fin påskeaktivitet.
Via denne lenkja kan de laste ned kampanjemateriell. Her ligg det nettsaker på bokmål og nynorsk, bilete, og ein film (brannøvelse heime) som kan brukast i sosiale medier.
Ynskjer alle ei fin og smittefri påske!