Sjekk branntryggleiken hos deg sjølv

I desember gjennomførast den nasjonale kampanjen «Aksjon boligbrann», som set søkjelyset på branntryggleiken i førjuls- og juletida. Sjekk korleis det står til med branntryggleiken heime hos deg sjølv ved hjelp av brannvesenet sitt skjema.

«Aksjon boligbrann» føregår 3. – 5. desember. Brannvesenet går då på heimebesøk til innbyggjarane og gjer ein enkel sjekk av røykvarslar, sløkkeutstyr og rømmingsvegar. Om lag 40 000 husstandar over heile landet får besøk av lokalt brannvesen/feiarvesen og eltilsyn.

Får du ikkje besøk av brannvesenet kan du sjølv gjere ein kontroll av branntryggleiken heime hos deg sjølv, ved hjelp av dette skjemaet.

Bytt batteri i røykvarslaren
– Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å bytte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier brannsjef Leif Linde.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

Røykvarslardagen og Aksjon boligbrann er eit samarbeid mellom brann- og feiervesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.