11.10.2023
Slik fyrer du riktig
Fyrer du riktig, reduserer du brannfaren, sparar miljøet og får meir varme. Følg desse gode råda for trygg fyring.
Bruk tørr ved
Brukar du tørr og rein ved, får du meir varme og mindre sot i eldstaden og skorsteinen. Tørr ved veg lite og har djupe sprekker. Er du usikker på om veden din er tørr, anbefalar vi å teste med ein fuktmålar. Desse er rimelege og kan kjøpast i bygg- og jernvareforretningar. Fuktigheita skal helst vere under 20 prosent.
Tenn frå toppen
Har du ein moderne reintbrennande eldstad, tenn frå toppen av veden. Legg tørre vedkubbar nedst, ei blanding av opptenningsved oppå kubbane og 2-3 opptenningsbrikettar øvst. Tenn på opptenningsbrikettane på toppen, og la veden brenne heilt ut til det berre er glør igjen, før du legg i ny ved. Legg deretter i litt og litt ved, slik at det brenn med rolege flammar.
Denne metoden å fyre på gjev mindre sot og partiklar, bedre tilførsel av luft og gjer at dei første vedkubbane brenn lengre og betre. Då reduserer du partikkelutsleppet frå skorsteinen. I tillegg får du utnytta veden langt meir effektivt og det gjev mindre oske og sot.
Sørg for riktig trekk
Det trengs mykje luft til god forbrenning. I tette hus kan det hjelpe å setje ei dør på gløtt eller opne eit vindauge i rommet når du skal tenne opp. Når det er god varme i eldstaden, kan du regulere trekken ned til det brenn med rolege flammar. Hugs å skru opp trekkventilen igjen slik at veden tek god fyr.
Synast du det er vanskeleg å vite kva du skal gjere for å få riktig trekk? Eit godt tips er å sjekke bruksanvisninga for eldstaden din. Om du ikkje lenger har det tilgjengeleg, kan du som regel finne det på internett. Søk på namnet på eldstaden din.
Ikkje fyr med dette
Ein hovudregel er at du kun skal bruke rein og tørr ved når du fyrer. Ikkje fall for freistinga å verte kvitt boss eller treverk som ikkje eignar seg til fyring. Mange fyrer med papp og papir, men dette kan gje giftige gassar. Det brenn også for fort, gjev intens varme og brenn ikkje reint.