09.03.2022
Velkommen til årets skogbrannseminar
Vest brann- og redningsregion inviterer til skogbrannseminar 28. og 30. mars.
Fagutval for brann- og redningsberedskap har sett saman programmet, og skogbrannseminaret vert i år todelt – ein digital del, og ei fysisk samling. Det er mogleg å melde seg på ein eller begge delane av seminaret.
Del 1:
Skogbrannsesongen 2022 – Helikopter og skogbrannstøtte, korleis samspele og utnytte helikopterstøtta
Tid: 28. mars kl. 12:00 – 13:30
Stad: Digitalt, over Teams (blir gjort opptak)
Foredragshaldarar:
– DSB ved Heidi Vassbotn Løfqvist, sjefingeniør brann og redning
– Helitrans ved John Arne Hellesø, Chief Firefighting OPS/Helitack
Del 2:
Skogbrannsesongen 2022 – Vest brann- og redningsregion
Tid: 30. mars kl. 10:00 – 14:00
Stad: Bergen hovudbrannstasjon
Program er under utarbeiding og vert send ut så snart som mogleg. Lunsj vert servert.
Obs: Det er ikkje mogleg å parkere utanfor hovudbrannstasjonen, men ByGarasjen er kun ein kort spasertur unna.
Pris: Både del 1 og 2 av skogbrannseminaret er gratis å delta på.