24.02.2021

Vinterferiekampanje

Vinterferien står for døra og mange vestlendingar vil tilbringe vinterferien i dei 26 323 hyttene i regionen.

Ei fersk kartlegging av funn frå hyttetilsyn i Vest brann- og redningsregion, viser at rundt 2 780 hytter står utan fungerande røykvarslarar og at cirka 5 000 hytter ikkje har tilstrekkeleg sløkkjeutstyr. Dette er bekymringsfult og det er difor viktig å gje innbyggjarane god informasjon om at branntryggleiken er like viktig på hytta som heime.

Tysdag denne veka vart brannsjef i Kvam, Torleif Ones, og brannsjef i Bergen, Leif Linde intervjua av NRK Vestland om dei ferske funna frå hyttetilsyn i regionen.

Det vert både nettsak, radioinnslag og tv-reportasje (Vestlandsrevyen) om temaet. Dette vert publisert seinast torsdag, men følg gjerne med på nrk.no/vestland.

Desse sakene er også publisert på Vestbrannregion.no og kan delast med innbyggjarane:

Altfor mange hytter utan livsviktig branntryggleiksutstyr
Hugseliste for branntryggleik i hytter