Fergebrann Kvinnherad

19.06.2020

Bacheloroppgåve om litiumbatteri – viktig for brannorge

Tre studentar ved Høgskulen på Vestlandet har no levert si bacheloroppgåve om «Risiko for innsatspersonell ved brann i litiumionbatteri i lukkede rom». Dette er eit viktig tema for brannorge, som også resulterte i toppkarakter for dei tre ingeniør-studentane. Fleire hendingar i vår region viser kor viktig det er å auke kunnskapen på dette området.

HVL-studentane Thomas Halleraker, Åsmund Hovda og Levent Smakiqi tek føre seg eit tema som er aktuelt og kor det krevst oppdatert kunnskap blant dei som skal gjere innsats i første linje når upårekna hendingar skjer. Det er særleg oppgåvas fokus på batterirom i fartøy som kan overførast til mange andre situasjonar, både på sjøen og på land.

Litiumbatteri brukast i stadig fleire områder og det er avgjerande at innsatspersonell kan vurdere situasjonane som oppstår med mest mogleg relevant kunnskap i bakhand. Brannen i hybridferga MF «Ytterøyningen» viser at vi allereie er i ein situasjon kor brannvesen i heile Norge, bygd og by, må ha kjennskap til denne typen innsats, slik at dei kan ivareta eigen tryggleik.

Ny teknologi fører nesten alltid med seg frykt, men denne er ofte kjenslemessig grunngjeve og fokuserer gjerne på heilt feil faremoment. Berre ved å undersøkje saka kan ein avdekkje kva slags farar som må handterast og korleis. På same måte som bensin og diesel ein gong var nye problemstillingar, er ulike typar batteri i dag noko som mange er redde for. Ofte utan å vite kva farane er og korleis dei kan unngåast eller handterast. Denne oppgåva er eit godt stykke arbeid på vegen mot å kunne handtere ein veksande kategori ulykker på ein tryggare måte.

Dei tre studentane vant årets pris for beste bacheloroppgåve brann frå Firesafe.

Her kan du lese oppgåva.