03.04.2020

Slik får du ei branntrygg påske

I påska pleier vi å oppfordre til å sjekke branntryggleiken på hytta. Sidan denne påska vert litt annleis for mange, håpar vi du sjekkar branntryggleiken heime. Følg brannvesenet sine påsketips for å unngå brann.

Brannvesenet sine fem påsketips

  1. Sørg for at du har ein fungerande røykvarslar. Sjekk at batteriet verkar ved å trykke på testknappen. Byt batteriet ein gong i året eller når røykvarslaren lagar korte, svake pip.
  2. Nytt den ekstra tida heime til å halde brannøving med familien. Gå gjennom kva de skal gjere dersom det tek til å brenne, og avtal eit fast møtepunkt utanfor huset.
  3. Gå aldri frå eit rom med levande lys. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og set lysa i god avstand frå brennbart materiale som vindauge og gardiner.
  4. Skal du grille eller tenne opp bål må du vere varsam og følgje bålvettreglane. Hald avstand til brennbart materiale og sløkk grillen eller bålet heilt før du forlét det.
  5. Om du fyrer i peisen, bruk tørr og rein ved, tenn frå toppen og sørg for nok luft i starten.

Brannvesenet ynskjer alle ei god og branntrygg påske!