Fyrer du riktig, unngår du brann. I tillegg ivaretek du miljøet og sparar pengar. Følg desse gode råda for varm og trygg fyring.
Bruk opptenningsbrikettar
Bålet bør bestå av ei blanding av tørre vedkubbar nederst, og ei blanding av opptenningsved og 2-3 opptenningsbrikettar øverst.
Bruk av aviser gir mykje røyk og aske.
Prøv «topp-ned-fyring»
Tenn frå toppen av veden. Dette gir skorsteinen raskare drift og partikkelutsleppet reduserast. «Topp-ned-fyring» utnyttar veden effektivt og gir mindre sot og aske.
Sørg for nok luft
Følg bruksanvisninga til din eldstad. Det trengs mykje luft til god forbrenning. La ventilane i eldstaden vere heilt opne i opptenningsfasen. Ventilen regulerast ned når eldstaden er blitt varm (10-20 min.)
Toppmontering anbefalast
Toppmontert røykrøyr gir større varmeeffekt og du unngår å «fyre for kråkene». Det er enklare å reingjere og meir skånsamt for skorsteinen. Dessutan gir 1 meter røykrøyr 1 000W ekstra varme!