Frå 1. januar 2020 vert Stord kommune ein del av Vest brann- og redningsregion.

Stord brann og redning

Stord brann og redning

Etter at Bømlo og Fitjar vedtok å melde seg inn i brannsamarbeidet, var det eit sterkt ynskje frå brannfagleg hald i Stord kommune om å også melde seg inn frå nyttår. Rådmannen er samd i at eit medlemskap i Vest brann- og redningsregion er viktig for Stord kommune, med tanke på vidareutvikling av brann- og redningstenesta og samarbeidet med dei omkringliggande kommunane.

Per 1. januar 2020 bur over 90% av befolkninga i Hordaland i ein kommune som er medlem i Vest brann- og redningsregion.