Tysdag 10. desember møtte kring 20 deltakarar frå ti av medlemskommunane i Vest brann- og redningsregion til fagsamling på Bergen hovedbrannstasjon. Målet med samlinga var å skape relasjonar mellom brannforebyggarar i regionen og diskutere korleis ein skal arbeide opp mot risikoutsette grupper.

Etter ein kort introduksjon og presentasjonsrunde vart deltakarane delt inn i fire grupper som skulle diskutere ulike spørsmål knytt til kva forventningar og behov ein har til Vest brann- og redningsregion sitt førebyggande utval. Spørsmåla gjekk blant anna ut på kva slags risikogrupper ein jobbar opp mot i dag, felles utfordringar, felles løysingar og kva ein ynskjer at faggruppa skal bidra med.

Då gruppearbeidet vart presentert i plenum var det ein tydeleg fellesnemnar – fellesskap. Brannforebyggarar i regionen ynskjer seg felles malar, informasjonsmateriell og kampanjar. I tillegg er det ynskjeleg med felles opplæringstiltak, møteplassar og seminar.

Ut i frå tilbakemeldingane vil fagutvalet utarbeide eit mandat til ei arbeidsgruppe, som skal utarbeide forslag til rutinar og malar. Det planleggast også eit seminar i 2020. Faggruppa skal styrkast med ytterlegare to personar, og deltakarane på fagsamlinga vart oppfordra til å melde si interesse.