18.06.2020
Tips for trygg bruk av grill
Strålande sommarvêr får det til å rykke i grillfoten hos mange. Enten du svergar til pølser, kotelettar eller grillspyd – utfør grillinga på ein branntrygg måte! Følg brannvesenets heitaste tips for trygg bruk av grill.
Eingongsgrill/kolgrill
- Grillen skal stå trygt og stødig med god avstand til brennbart materiale, også frå undersida
- Ikkje bruk meir tennvæske enn naudsynt, og aldri på varm grill
- Ver varsam ved opptenning av grillen
- Ha alltid ei bøtte vatn eller ein hageslange nær grillen. Ved bruk av eingongsgrill, ta med ei stor flaske vatn.
- Pass på at grillen er sløkt, og at oska er kald før du kastar den på ein sikker stad. Eingongsgrill bør sløkkjast med vatn etter bruk.
Gassgrill
- Før du opnar for gassen på behaldaren, pass på at alle blussar er stengde
- Tenn alltid grillen rett etter at gasstilførselen er opna
- Når du er ferdig å grille, sjekk at både gassblussane og flaskeventilen er stengd
- Sjekk slangar jamnleg for sprekkar og lekkasjar
- Kjenner du gasslukt og mistenkjer lekkasje, steng straks av gassen på gassflaska og flytt flaska til ein sikker stad
Felles for all grilling
- All grilling skal skje utandørs
- Barn og kjæledyr skal aldri vere åleine eller leike nær ein tent grill
- Hald grillen under oppsyn så lenge den er varm
- For mykje alkohol og grilling høyrer ikkje saman
- Ha førstehjelpsutstyr for behandling av brannskader tilgjengeleg