15.03.2024
Vellukka brannsamarbeid
Dei første fem åra av Vest brann- og redningsregion er heilt nyleg vorte evaluert av Oslo Economics. Resultata vart presentert for styret torsdag 14. mars og dei er gledelege!
Oslo Economics skriv blant anna dette i sitt samandrag:
«Vi finn at VBR har nådd dei angjeve måla sett ved oppstart for samarbeidet. Samarbeidet styrkar fagmiljøa på tvers av brann- og redningsvesena og nødmeldingstenesta, og gir tilgang til felles fasilitetar for øving samt felles kvalitetsstandardar og andre ressursar. Felles møtepunkt og øvingar gjev auka kjennskap til kollegar på tvers av brann- og redningsvesen, senka terskel for å kontakte fagpersonar i andre brann- og redningsvesen i faglege spørsmål, og tryggleik når mannskapa samarbeider i skarpe situasjonar. Deltakarane i VBR opplever at dei som følgje av samarbeidet kan yte tenester med høgare kvalitet.
At VBR har nådd måla, at deltakarane opplever aktivitetar, produkt og tenester som verdifulle for si tenesteutøving gjev grunnlag for å sei at samarbeidet skapar ein tryggare kvardag for innbyggjarane i deltakarkommunane.»
Her kan du lese heile rapporten:
Evaluering av Vest brann- og redningsregion KO – Oslo Economics