25.06.2020
Hugs røykvarslar på hytta i sommar
Er du ein av mange nordmenn som skal tilbringe sommaren på hytta? Det er like viktig å ivareta branntryggleiken der som heime. Altfor mange hytter i Norge har ikkje fungerande røykvarslar. Sørg for at du har røykvarslar på plass og at den fungerer. Den reddar liv!
Hugseliste for brannsjekk på hytta:
- Sjekk røykvarslarane kvar gong hytta vert teken i bruk
- Ha alltid med ekstra batteri
- Gå aldri frå levande lys
- Ikkje bruk peis/omn som tørkestativ
- Kast askeavfall og grillkol på ein forsvarleg måte
- Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk
- Ver ekstra varsam når du brukar gass
- Sjekk utstyr og gasslangar jamleg
- Sørg for tilgang til sløkkjeutstyr
- Bruk godkjente fagfolk til utbetringar av elektrisk anlegg